mandag 14. februar 2011

Popcornbøn

Freefoto.com
Sølve leia måltidet 09.02.2011. Han byrja med å ynskje velkommen, deretter presenterte han forrige vekes bibelvers, som var: "Hald dykk nær til Gud, så skal han halda seg nær til dykk". Jak. 4,8. Ha ba forsamlinga kome med eksempel på både korleis vi kan halde oss nær til Gud og korleis Gud held seg nær til oss. Desse skreiv han opp på ein flipover. Særskilt borna hadde fleire gode forslag! Deretter var det bordvers og mat.
Etter maten bar alle ut fat og koppar før Sølve tok fram forundringskorga. Det vart ei rolegare samling når vi fekk gjort unna ryddinga først. Vekas aktivitet var ein repitisjon på popcornbønn. Dette er ei bønneform der ein byrjar å seie ei kort bønn (ei setning), deretter sprett nestemann opp med ei bønn. Som popcorn "poppar" bønene opp. Etter bønnestunda fekk alle popcorn. Det vart og servert kjeks, kaffi og te, medan ein del vart sitjande å prate ei stund til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar