torsdag 3. februar 2011

Oppskrift på bibelversklype




Du treng:

Cernit/fimo leire
Tynn stål/kobbartråd eller liknande
Små kleklyper

(Alt kan kjøpes i hobbybutikk, sjå evt. panduro.no)

Del ein liten pakke med leire i tre bitar. Ein pakke er nok til tre klyper. Kna leira godt så den vert varm og formeleg. Form ein enkel figur. Til dømes eit hjarte eller liknande. OBS! Den må ikkje vere for tynn og detaljert, då vert den lettare øydelagd og står ikkje så stødig.
Ta deretter ein passe lang bit med streng. Tvinn den dobbelt saman. Ta ei lita kleklype, klyp den saman slik at den opner seg og brett strengen dobbel ein gong til over mellom opninga. Tvinn strengen saman på undersida av klypa. Tilslutt stikk du den samantvinna strengen gjennom leirefiguren du har laga og bretter den litt ut på undersida slik at den sitt fast. Form leira godt kring strengen på oversida av figuren slik at den ikkje vert "vaklete". Klypene steikast etter anvisninga på leirepakken. Det går fint å steike dei med kleklypene på.
Lukke til!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar