torsdag 24. februar 2011

Pølse og heimelaga potetstappe

Handleliste ca 29 stk. (17 vaksne)

36 kjøttpølser
13 kg potet
1/2 kg smør
evt. melk
salt
pepper

Skrell og vask potetene. Skjær dei i skiver, så i små terningar. Kok opp vatn medan du deler dei (vasskokar). Ikkje ha i meir vatn enn at det så vidt dekker potetene. La potetbitane koke til dei er møre. Jo mindre bitar, jo fortare går det.
Kok opp vatn til pølsene. Om du har kun ein vanlig komfyr kan det vere lurt å nytte ein vasskokar, då går det fortare! Del pølsene i tre bitar på tvers, og la dei trekke i vatnet i 20 min.
Når potetene er møre tek ein ut det overskytane vatnet, om det ikkje er kokt bort. Her kan det vere greit å bruke ei ause eller eit litermål om du har ein stor og tung kasserolle. Deretter tek ein i smøret og stappar potetene godt med ein stappar. Obs! den skal vere litt klumpete. Ta i litt melk om det er behov for meir veske. Smak til med salt og peppar til slutt.
Serverast med ketchup, sennep og sprøstekt løk. Dette slo ann hos både born og vaksne!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar