torsdag 24. februar 2011

Hinderløype og bøn

Sølve leia måltidet 23.02.2011.
Han ynskte velkommen og minnte om føre vekes bibelvers. Det var: Rom 8,24: For i håpet er vi frelste. Men eit håp som vi alt ser oppfylt, er ikkje noko håp. Korleis kan nokon håpa på det dei alt ser?
Han spurde om nokon hadde forslag til noko vi kan håpe på/drøyme om. Vidare knytte han dette opp mot at vi som kristne håper vi er frelst. Og at dette er eit håp det er fint å strekke seg etter og glede seg i, sjølv om vi trur vi skal leve lenge enda.
Deretter vart vekas bibelvers som stod på bordet lest av ein frivillig. Sølve fortalde og at vi no har fått fleire eksemplar av Alfa og Vokse sammen, slik at dei som ynskte det kunne ta dei med seg heim og byrje og bruke dei. Deretter vart bordverset valt og sunge, og maten servert. Det var god stemning rundt borda. Etter at dei fleste var forsynt bar ein fat, glas og bestikk på kjøkenet, før det var tid for forundringskorga. Til alle si overrasking var den tom. Dette var fordi vi skulle ha hinderløype, og det var vanskeleg å få ein heil stol opp i korga. Det vart sett opp ei løype med hjelp av stolar, bord og folk. Deretter fekk ein og ein som hadde lyst prøve seg. Sølve tok tida.
Etter aktiviteten ba han ei kort bøn og oppfordra andre som ville be om å gjere det.
Til sist vart det servert kaffi, te og kjeks, og fleire satt at ei stund og prata.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar