torsdag 3. februar 2011

Gjennomføring av måltidet



16.30: Velkommen, bibelvers og informasjon:
Den som leier måltidet ynskjer velkommen. Leiaren spør om nokon hugsar bibelverset for veka som var. Bibelverset for kvar veke hentar vi frå heftet "Vokse sammen"(sjå info under "opplegg" og i margen) då vi prøver å integrere dette opplegget i "Kom og spis". Om ingen hugsar verset kan leiaren eller nokon andre lese det. Vidare spør ein om nokon vil lese vekas bibelvers som står i bibelversklype på borda. Slike bibelversklyper laga vi på kyrkjelydsweekenden, så dei fleste familiane har ei ståande på kjøkkenbordet heime. Der plasserer dei kvar veke eit nytt bibelvers som dei får på middagen. Vi har og nokre klyper til overs som nye kan få med seg heim. Dei fyrste gongane kan det og vere fint å seie noko om kvifor det er lurt å kunne nokre bibelvers utanatt.
Deretter informerer vi litt om Alfa/Vokse sammen som Bibelleseringen gjev ut. Dette opplegget er ei hjelp til dagleg bibellesing i familien (sjå info på bloggen). Kom og spis er fyrst og fremst ein arena som skal inspirere til meir fokus på tru på heimebane, og då tykkjer vi dette opplegget kan vere ein god hjelp til det. Det kan og vere greit og informere om til dømes "Logos" som er bibelleseplan for vaksne. Sjå litt ann frå gong til gong kor mykje de treng å informere om dette. Men det kan vere lurt å minne om det når det er nye til stades.
Før vi syng bordverset syner vi fram "forundringskorga" som vi skal opne etter måltidet. I denne finn ein utstyr til ein felles aktivitet som og er henta frå "Vokse sammen".
På kvart bord ligg det faldarar med fleire bordbøner. Bønene er nummererte. Ein av ungane får velja eit tal, også syng vi den som står der. Så er det versågod!

16.45 - 17.15: Middag

17.15 - 17.30: Fodundringskorg og bønn: Alle ber fat, glas og bestikk på kjøkkenet, slik at dei som er der kan byrja å vaske opp. Deretter samlar alle seg kring borda at. Ein av ungane får opne forundringskorga, og leiaren syner fram kva som er i. Deretter les han/ho frå "Vokse sammen" kva som er dagens aktivitet. Prøv å få flest mogleg av både born og vaksne med på aktiviteten.
Etter aktiviteten ber leiaren ei bøn, i tillegg kan ein avslutte med ei fellesbøn som til dømes: "Kjære Gud ta handa mi", "Kjære Gud eg har det godt" eller ei anna bøn de kan.

17.30: Kaffi og prat. Her serverer vi berre enkel kaffi og te med kjeks eller liknande til. Folk går heim etterkvart.

NB! Vi vil oppdatere bloggen kvar veke vi har hatt middag, under "oppskrift" og "opplegg". Så berre gå inn å hent tips og inspirasjon!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar