mandag 10. januar 2011

Kom og Spis!

Fellesmiddag i Volda Frikyrkje kvar onsdag kl.16.30-18.00
Kr.20,- pr.pers. Fokus på kvardagstru.
På denne bloggen vil du finne oppskrifter og anna praktisk materiell om du ynskjer å starte noko tilsvarande, eller berre lage noko av den nydelege maten heime ;) Lykke til!

Kom og Spis! blei til i to hovuder på same tid...vi trur Gud hadde ein finger med i spelet :) Tanken var å lage ei sosial samling på kyrkja ansleis enn Gudstenesten på søndagen, og få fokus på kvardagstrua i heimen. Men i ein travel kvardag var utfordringa å finne ei samlingsform som ikkje blei ein ekstra post på vekesprogrammet. Svaret blei då; Vi lager middag på kyrkja. For mat må jo alle ha, og mange tykkjer det er mykje jobb å skulle lage middag i kvardagen. Så no står vi på kyrkja kvar onsdag i skuleåret og lager middag til dei som ynskjer å kome. Middagen kostar 20kr pr.pers, og det er eit fortsett at maten skal vere laga av gode råvarer. Vi forkuserer på den enkle kvardagskristendomen, vi ber bordbøn, deler vekas bibelvers, ber saman og oppfordrer til å lese i bibelen og samtale om det ein les gjennom veka. Vi har på det meste samla ca.60 middagsgjester, men har stabilisert antalet på mellom 30 og 40...

Vi er no blitt til ei gruppe på 4 pers., som vi har delt i 2 team. Vi møter opp på kyrkja 14.30 for å forberede måltidet. Det eine teamet har ansvar for maten og det andre teamet har ansvar for å lede programmet. Så byter vi på ansvarsområde for kvar veke. Om andre ynskjer å gjere noko tilsvarande er det ikkje sikkert alle har moglegheit til å bruke så mykje tid same dag, då kan maten kanskje lagast klar kvelden før og berre varmast opp til middagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar