torsdag 27. januar 2011

Asiatisk kyllinggryte og bibelversstafett

I går vart det servert ei herleg asiatisk kyllinggryte på kom og spis.

Handleliste (ca 30 stk (17 voksne))

4 pakkar kyllingfilet à 1200 g (first price)
23 dl ris
12 - 15 lauk
8 - 9 paprika, gule og raude
1 glas chilipasta
Soyasaus
10-12 bokser med kokosmelk

Skjer lauk, paprika og kylling i strimlar. Fres lauken i ei gryte med olje. Ha i kyllingen og fres den litt og. Tilsett kokosmelk og kok opp. La koke ei lita stund. Smak til med chilipasta og soyasaus. Obs! Pass på at det ikkje vert for sterkt om born og skal ete. Smak til med anna krydder og etter ønske. Tilsett paprika litt før servering.
Kok ris etter anvisningane på pakken. Det er lurt å berekne litt god tid om du må koke opp ein del vatn. Vi anbefalar å koke opp vatn på vasskokar og ha i, då går det fortare. Bon apetit!

Sølve leia måltidet. Han spurte om nokon hugsa bibelverset frå sist gong, deretter fekk han nokon til å lese vekas bibelvers som var lagt ut på borda. Han synte og fram forundringskorga som kvar gong skal innehalde ting til ein aktivitet. Den skulle han opne etter måltidet. Deretter fortalte han om Bibelleseringen sine opplegg Alfa og Vokse sammen som vi i Kom og spis ynskjer å sette fokus på. Dette er reiskap for dagleg bibellesing i heimen. (Sjå på sida av bloggen for meir informasjon!) Elin fortalte litt om dette og. Jonas lærte oss eit nytt bordvers. Så var det mat. Deretter vart det bibelversstaffett som var vekas aktivitet. Denne var henta frå Vokse sammen. Til sist var det bønn, kaffi og prat. Takk for mat og kjekt fellesskap!

Vekas bibelvers er:

Da vi altså er blitt rettferdige ved tro, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.

Rom 5,1

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar