torsdag 3. februar 2011

Blindebukk og Marie kjeks


Elin leia middagen i går. Ein av gutane hadde førre vekes bibelvers i lomma, så han fekk lese det høgt. Deretter las faren hans vekas bibelvers som stod på bordet. Eg sa litt om kvifor det kan vere lurt å kunne nokre bibelvers utanatt. Då har vi noko å seie imot tvilen vår med når den kjem krypande. Og versa kan vere til trøyst og oppmuntring i ulike situasjonar i kvardagen. Ein har alltid ein bit av Bibelen med seg. Deretter informerte eg litt om Alfa og Vokse sammen.
To av jentene fekk velje eit bordvers, så var det mat.
Etter maten opna vi forundringskorga. Der låg det tre skjerf. Dette var ein slags blindebukk som skulle syne oss kor vanskeleg det kan vere å høyre Guds stemme. Den var henta frå Vokse sammen. Konkurranseinstinktet var på topp, og folk lo og klappa.
Deretter ba eg ei bøn, før alle tok kvarandre i hendene og ba "Kjære Gud ta handa mi".
Tilslutt var det kaffi, te og Marie kjeks. Kjeksa fekk verkelg bein og gå på då ungane oppdaga dei!
Takk for ei fin stund!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar