torsdag 27. januar 2011

Les Bibelen i familien!
















Vi i kom og spis anbefalar Bibelleseringen sitt opplegg "Vokse sammen - med Bibelen i familien", som bygger på Alfa bibelleseplan for born. Du kan no vere med på eit prosjekt der familien din får prøve dette i tre veker, i tillegg til å evaluere det saman med familiekonsulenten. De vil som ein takk motta dei to hefta Vokse sammen og Alfa gratis i eit år! Hefta vil frå neste kvartal vere lagt til rette for born frå ca 3 - 13 år. For meir info sjå sida av bloggen! Hefta kan og bestillast på www.bibelleseringen.no

Asiatisk kyllinggryte og bibelversstafett

I går vart det servert ei herleg asiatisk kyllinggryte på kom og spis.

Handleliste (ca 30 stk (17 voksne))

4 pakkar kyllingfilet à 1200 g (first price)
23 dl ris
12 - 15 lauk
8 - 9 paprika, gule og raude
1 glas chilipasta
Soyasaus
10-12 bokser med kokosmelk

Skjer lauk, paprika og kylling i strimlar. Fres lauken i ei gryte med olje. Ha i kyllingen og fres den litt og. Tilsett kokosmelk og kok opp. La koke ei lita stund. Smak til med chilipasta og soyasaus. Obs! Pass på at det ikkje vert for sterkt om born og skal ete. Smak til med anna krydder og etter ønske. Tilsett paprika litt før servering.
Kok ris etter anvisningane på pakken. Det er lurt å berekne litt god tid om du må koke opp ein del vatn. Vi anbefalar å koke opp vatn på vasskokar og ha i, då går det fortare. Bon apetit!

Sølve leia måltidet. Han spurte om nokon hugsa bibelverset frå sist gong, deretter fekk han nokon til å lese vekas bibelvers som var lagt ut på borda. Han synte og fram forundringskorga som kvar gong skal innehalde ting til ein aktivitet. Den skulle han opne etter måltidet. Deretter fortalte han om Bibelleseringen sine opplegg Alfa og Vokse sammen som vi i Kom og spis ynskjer å sette fokus på. Dette er reiskap for dagleg bibellesing i heimen. (Sjå på sida av bloggen for meir informasjon!) Elin fortalte litt om dette og. Jonas lærte oss eit nytt bordvers. Så var det mat. Deretter vart det bibelversstaffett som var vekas aktivitet. Denne var henta frå Vokse sammen. Til sist var det bønn, kaffi og prat. Takk for mat og kjekt fellesskap!

Vekas bibelvers er:

Da vi altså er blitt rettferdige ved tro, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.

Rom 5,1

torsdag 20. januar 2011

Ertesuppe til 27
















I går var vi 27(15voksne) som spiste Ertesuppe på Frikyrkja.

Handleliste:
2kg gule erter
1,5kg svineknoke
2kg gulrøtter
4 løk/2 purre
2,5kg poteter
1 pk grønnsaksbuljong
4 loff
Sum= ca.200,- (Handla på Kiwi Volda)


Ertesuppe trenger litt forberedelse. Ertene må settes i vann kvelden før, på pakken stod det 2liter vann pr. 500gr. erter. Neste dag heller du av vannet og koker ertene i nytt vann, 1 3/4l vann pr.500gr. Kok kjøttet sammen med ertene, del det gjerne litt opp om det er et stort stykke. Ha i løk og buljong. Kok suppa i 1,5timer, til kjøttet løsner litt fra beinet og ertene blir møre. Ha i grønnsakene ca.30min før suppa er ferdig. Ta ut kjøttet og skjer vekk bein og svor. Del i små biter og ha tilbake i suppa. Krydre gjerne med salt, pepper og timian. Om du ønsker å gjøre litt ekstra utav suppa kan du pynte med friske stilker med timian. Server med loff eller flatbrød. Nam, nam :)
Vi hadde igjen ca.3liter suppe etter middagen. Ertesuppe egner seg godt til å fryses.

Elin ledet måltidet. Hun leste forrige ukes bibelvers og det nye bibelverset før vi sang for maten. Etter middagen viste hun oss en huskelek. Der vi sendte rundt en ball og sa et ord hver.

Vekas bibelvers er:
Og ha framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre, for kjærleiken løyner ei mengd med synder. 1.Pet.4,8

torsdag 13. januar 2011

Skinkestek til 34

I går lagde vi Skinkestek til Kom og Spis!
Vi var 34 stk (20 voksne) som spiste sammen.

Handleliste:
4stk 1,5kg skinkestek ferdig stekt.
60 poteter
4,5kg gulrøtter
1kg svisker
4x3 pk knorr fløtesaus
3 liter H-melk
500gr margarin
litt brunost
SUM= 957,- (handlet på Mega Volda)


Vi var på kirka ca.14.30. Begynnte å skrelle poteter og satte på kok. Skrellte og delte gulrøtter og satte på kok. Skjærte steika i skiver og la i alufolie på langpanne. La svisker i alufolie på langpanne. Lagde sausen som anvist på pakken, tilsatte litt brunost og litt stekesky fra den ene steika. Steik og svisker ble varmet i ovn, varmluft 120grader i ca.20min...når alle hadde spist seg gode og mette hadde vi igjen ca.1kg steik, 10poteter, 500gr gulrøtter, litt svisker og ca.1liter saus.

Elin ledet programmet, leste ukas bibelvers før middag, demonstrerte popkornbønn etter middag.

mandag 10. januar 2011

Pannekake til 30 steikt på takke...




Tre takker steikte meir enn nok "Kjempepannekaker" til 30 pers. Mykje steikeos på eit lite kjøken, men veldig artig. Vi lagde røre på 10liter melk, og hadde 3 liter røre tilovers. For å bre røra utover takka brukte vi et sparkelbrett. Det fungerte fint, men her var det viktig å være rask og lett på handa. (Plasten smelta lett mot den varme takka). Som tilbehør til pannekakene serverte vi sukker, blåbærsyltetøy og bacon.

Nam, nam...pannekaker er godt!

Kom og Spis!

Fellesmiddag i Volda Frikyrkje kvar onsdag kl.16.30-18.00
Kr.20,- pr.pers. Fokus på kvardagstru.
På denne bloggen vil du finne oppskrifter og anna praktisk materiell om du ynskjer å starte noko tilsvarande, eller berre lage noko av den nydelege maten heime ;) Lykke til!

Kom og Spis! blei til i to hovuder på same tid...vi trur Gud hadde ein finger med i spelet :) Tanken var å lage ei sosial samling på kyrkja ansleis enn Gudstenesten på søndagen, og få fokus på kvardagstrua i heimen. Men i ein travel kvardag var utfordringa å finne ei samlingsform som ikkje blei ein ekstra post på vekesprogrammet. Svaret blei då; Vi lager middag på kyrkja. For mat må jo alle ha, og mange tykkjer det er mykje jobb å skulle lage middag i kvardagen. Så no står vi på kyrkja kvar onsdag i skuleåret og lager middag til dei som ynskjer å kome. Middagen kostar 20kr pr.pers, og det er eit fortsett at maten skal vere laga av gode råvarer. Vi forkuserer på den enkle kvardagskristendomen, vi ber bordbøn, deler vekas bibelvers, ber saman og oppfordrer til å lese i bibelen og samtale om det ein les gjennom veka. Vi har på det meste samla ca.60 middagsgjester, men har stabilisert antalet på mellom 30 og 40...

Vi er no blitt til ei gruppe på 4 pers., som vi har delt i 2 team. Vi møter opp på kyrkja 14.30 for å forberede måltidet. Det eine teamet har ansvar for maten og det andre teamet har ansvar for å lede programmet. Så byter vi på ansvarsområde for kvar veke. Om andre ynskjer å gjere noko tilsvarande er det ikkje sikkert alle har moglegheit til å bruke så mykje tid same dag, då kan maten kanskje lagast klar kvelden før og berre varmast opp til middagen.