No i fastetida har vi i Kom og spis valt å løfte fram Kirkens Nødhjelp. Dette blant anna fordi Den Evangelisk Lutherske Frikirke er ein del av denne organisasjonen. I tillegg er fastetida eit flott utgangspunkt for å sette enda meir fokus på vårt personlege liv med Gud.
Eg byrja samlinga i går med å spørje om nokon visste kvifor vi hadde lilla duk på borda, og heldt såleis fastetid opp mot adventstid, altså ventetid. Kva er det vi venter på no? Eg snakka og litt om kva det vil seie å faste og knytte dette opp mot førre vekes bibelvers: "Ikkje av kraft, ikkje av makt, men av min Ande seier Herren, Allhærs Gud." Dette kan vere ei fin tid for å få meir fokus på Gud i kvardagen vår.
Etter middagen gjekk alle inn i kyrkjesalen. Der delte eg ut vekas bibelvers som er Fadervår. Eg fortalde og at dei kunne finne ei bønnevandring med Fadervår i Vokse sammen. Og fleire tok med seg Vokse sammen og Alfa heim denne gongen. Deretter var det tid for å opne forundringskorga. Her låg det diverse materiell frå Kirkens Nødhjelp. Eg fortalde litt om bøssene og dei ulike hefta også såg vi årets aksjonsfilm. Sølve fortalde og om nokre ark han hadde kopiert opp om bønn og faste som folk kunne ta med heim og lese på. Deretter var det bønn. Eg spurde fyrst om nokon hadde noko dei ville be for. Deretter ba eg ei bønn og hadde det litt stille slik at andre og fekk anledning til å be. Vi avslutta med Fadervår. Det vart ei litt lang samling denne gongen, så kaffien gjekk ut. Men det får vi ta igjen!
På alle middagane gjennom fastetida vil vi ha liggande framme ei stor fastebøsse som folk kan putte pengar på. I tillegg kan dei bruke dei mindre bøssene heime. Ha ei velsigna fastetid!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar