torsdag 7. april 2011

Velsign kvarandre!

I går, 06.04.2011, var vi samla 22 stk til middag og fellesskap i Volda Frikyrkje. Vi serverte rester av suppe og biff stroganoff, difor er det ikkje lagt ut oppskrifter denne gongen.
Eg byrja som vanleg med å spørje om forrige og vekas bibelvers. Dette var det ei som kunne utanatt! Denne vekas bibelvers er: "Som Far har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik!" Joh 15,9
Eg snakka litt om at å bli i Jesu kjærleik handlar om å bli smitta av Han. Når vi går på skule eller i barnehage er det om å gjere å halde seg heime/ halde seg unna om ein er smittsam. Men i Guds rike er det motsett. Vi må halde oss nær til Jesus slik at Han kan smitte oss med alt det Han kan gje. Då vert vi og meir lik Han.

Etter måltidet opna vi forundringskorga. Der låg det ein plakat der det stod "tips til tru på heimebane". Her vil eg henge opp nokre enkle tips som ein kan ta med seg og praktisere heime. Denne vekas tips var "be velsigninga over kvarandre". Dette måtte vi øve på. Alle la ei hand på den som satt ved sida av, også ba vi velsigninga i kor. Etterpå var det bøn som vart avslutta med "Kjære Gud ta handa mi". Til slutt kosa folk seg med kaffi, kjeks og prat. Eg tykkjer det vart ei fin stund, sjølv om vi ikkje var så mange. Takk for mat!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar